Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Rosacea

Rosacea er ein kronisk betennelse i huda i ansiktet. Ein ser gjerne små utvida blodkar, spesielt i panna, på haka, på nasen og i kinna.

Periodevis kjem det raude hevelsar og kviseliknande utslett. Årsaka til rosacea er ukjent, men ein reknar med at det er ein kombinasjon av arveleg disposisjon og ulike miljøfaktorar.

 

Visste du at?

  • 3–5 % prosent av befolkninga utviklar rosacea. Sjukdomen er meir vanleg hos kvinner enn hos menn.
  • Sol kan forverre utslettet. Beskytt deg godt i sola, og bruk ein lett solkrem.
  • Du bør velje lette hudkremar utan mykje olje. Bruk milde reinseprodukt og eventuelle dekkande kremar. Det finst gode spesialprodukt for å dempe raudfargen i tillegg til dekkande fuktkremar.
  • Du bør prøve deg fram til kva hudprodukt som passar for deg.
  • Det finst legemiddel som kan brukast ved store plager. Desse må skrivast ut av lege.


Kva kan du gjere sjølv?

Det finst ei rekke faktorar som kan utløyse eller forverre tilstanden. Det er viktig å følgje med på og erfare kva som gjer at symptoma oppstår eller blir forverra hos deg. Ver forsiktig ved:

  • Bruk av kremar med kortikosteroid
  • Kulde, raske temperatursvingingar
  • Høg innetemperatur, badstue, varme bad

Apoteket anbefaler

  • Legemiddel – Rozex Gel* eller krem – til behandling av rosacea.
  • Reinsemiddel – Vel eit mildt spesialprodukt tilpassa reinsing av sensitiv hud.


Eksempel på produkt:


 
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 26.04.2024